Styret i Kråvasslia burettslag er kjent med at det for fleire kan være ei økonomisk utfordrande tid under Korona-epidemien og vi ynskjer difor å kome med nokre innspel på kva ein sjølve kan gjere for å betre situasjonen.
Dersom ein er permitert eller står utan jobb bør ein først og fremst ta kontakt med NAV og sørge for at ein får den hjelpa ein har rett på der.
Vidare bør ein sjekke kva boliglånsrente ein har hos banken sin. Norges bank har sett ned styringsrenta og dei fleste bankar har også sett ned lånerenta dei tilbyr sine kundar. Som eit alternativ kan ein også be banken om å avdragsfritt lån slik at ein kun betalar renter på lånet. Dette kan være nyttig dersom det er behov for å redusere kostnadane på lånet ein liten periode.
Som kjent gjekk felleskostnadane opp etter renovasjonen av burettslaget. Dette er per idag dessverre ikkje noko vi kan endre på. Det ein som bebuar kan endre på er for eks. abonnementet ein har sjølve hos GET. Som ein del av felleskostnadane får du 100 mbit internett og TV-minipakke. Dette får du inkludert i felleskostnaden som du betalar til burettslaget. Det betyr at dersom du mottar ein eigen faktura frå GET så har du ekstra tenester du betalar for hos dei. Eit tips her kan være å seie opp desse dersom ein kan klare seg utan.
Ein annan ting ein kan spare på som bebuar er straumprisen. Det er enkelt å byte straumleverandør hos for eksempel Elskling.no og dette er ein enkel måte å spare pengar på. Pass på å lese avtalevilkåra og registrer e-fakturaavtale slik at du unngår fakturagebyr. Dersom ein vel å gå for eit introduksjonstilbod så følg med på melding om prisjustering – då rekker du å byte til ny leverandør før ny pris tas i bruk.
Eg anbefala også at alle leser vedlagt artikkel. Der får ein utfyllande informasjon på det som er nemnd ovanfor i tillegg til mange andre gode økonomitips ein kan nytte seg av.
Ta vare på kvarandre og ta gjerne kontakt med styret dersom du lurer på noko.

Siste kommentarer